Lørdag kveld...

Fesja er lagde, sovna so fint av seg sjølv i kveld. Benny er på flåtefest med gamle kollegaer og ho mor regjerer sofaen og ser på Mystic River på TVN. Passer godt å blogge litt i dei evindelege reklamepausane i filmen, hmfr! 

Stortrivst for tida som mor for herlege Maria, deilig å vere i permisjon, sjølv om nokre dagar blir vel lange når ho ikkje er heilt einige med mammaen sin hihi! Ho er no blitt stor jente, heile 7 kg og 64 cm lang. Det er lenge sia ho va 3515 og 51 cm lang :) No løfter ho haudet i ryggleie, tek på knea sine, grip leikar i midtlinja, likar å ligge på magen og løfter haudet godt opp når ho har noke interessant å sjå på, hoster med vilje for å få oppmerksomheit (hehe), elsker blåbær, bringebær og sitron(!) og har sovidt smakt litt graut med stor suksess.. morsomt med smaksprøver, sjølv om vi fortset å fullamme så lenge ho er fornødg nok med det. 

I dag er Heddagullet vårt 3 år. Det har vi feira stort i Singer med barneselskap, mykje kaker, pølse med brød og mykje støy!! Visste ikkje at 3-åringar kan lage so mykje lyd hahahaha! Stor dag var det iallfall for oss alle. Prøvde å legge inn eit bilde av ho, men det e ikkje snakk om i dag visstnok... får ta det igjen. No e reklamen over... snakkest og god helg til alle!

Kun 25 dagar att til det braker laust!!!!!

INVITT TIL 30 (..hææh! Ka skjedde?) ÅRSKALAS

4.september på Hammer ranch



1. oppmøte :         kl. 13.00 på Hammer. Det er litt parkeringsplass her, men fint om folk samkøyrer eller parkerer ved skulen og sit på vidare ned derifrå.

Antrekk :            Sporty for utandørs aktivitet. Ver obs på lumsk septemberveir!

Medbrakt :         Kjøt/fisk i ulike varianter til grillings. Vi har salat, potetsalat, tomat på flaske og diverse andre remedier. Doping av typen alkohol, i små mengder, er tillatt, men høgdetrening og triksing med blodverdier i forkant blir ikkje godteke!

Aktivitet :          Konkurranser er ein selfølge når underteikna ber inn til kalas. Her blir det mykje leik og moro, med ein uhøgtidleg tone! Her skal både individuelle ferdigheiter og teamwork setjast på prøve. Nokre stikkord er balanse, melkesyre, dueller, memorering, styrkeforhold, treffsikkerheitm teamwork? J

Pause :                  alt etter korleis dagen arter seg er det meininga å ha ein pause slik at folk får tid til å ?pynte? seg med sitt velvalde kostyme, levere unger til barnevakter og vaske av seg torva. Det blir mulegheit for å låne dusj heime om ønskeleg. Hugs rein undebrok!

2. oppmøte :       kl 20 på pakkhuset, ned med sjøna! Det er litt parkering også her, men bruk haudet. Bygdafolk kan gjerne spasere

Antrekk :            KOSTYME valfritt tema, men til meir gjennomført til gladere blir verten. Kåring av beste kostyme innan kategoriane;

-  Mest gjennomført
-  Morsommast
-  Mest upraktisk

Medbrakt :         Drikke av valfri kaliber. Velkomstdrikk blir servert etter en kjapp promilletest?Nattmat blir servert rundt klokka null. 

Både med tanke på mat og planlegging av aktivitetane ønsker vi svar innan 2o.august, gi beskjed om du/dokke skal vere med på dag/kveld eller begge deler. På dagtid er også barn velkommen.

Treng de hjelp med overnatting/skyss så ta kontakt så skal vi prøve å hjelpe til.  

HEPP HEPP - VELKOMNE!

Bading :)





I dag ha vi vore i bassenget med heile familien :) For Maria var det første møte med klorvatn og so mykje boltreplass! Vi var sjølvsagt spente på kor ho skulle reagere, men ho storkosa seg! Dukka under 4 ganger og like blide etterpå!! Tok video også, men den ha ikkje riktig filformat til å legge ut på bloggen..

Etter bading i 20 minutt var det på tide å gi seg, hdde tenkt at ho va svolten etterpå, men neida - ho sovna i fanget mitt, og rett i vogna bar det. Der sov ho seg gjennom heile fotballkampen til onkelen på stryn stadion ! Godt sleta etter sin første symjetur :)

VI skal i bassenget i mårå også, ilag med Elias <3

Trondheim - fantastiske dagar

Så for turen vidare innom Trondheim. Her skulle vi benke oss hos Astrid, Christian og Vesle Lukas. Astrid har eg gått på fysio med, og er ein av mine alle beste venna! Så gjensynsgleden var stor! Lukas var blitt prikk lik sin mamma, og mammaen såg strålande ut!!!



Vi kosa oss i heile 3 dagar- praten gjekk i ett! Var på lange trilleturar kvar dag, trefte kjentfolk og sat på kafe, shoppa med Maria i mai thai bæresele, hadde intervalltrening i oppoverbakkar hehe, spelte kort (Astrid vann samanlagt hmfr!) og låg mykje på golvet og leika med dei 2 små!
Var også å besøkte Marte og Stian, som vi og har gått på fysio ilag med. Dei ha 2 herleg unga, Even og Dina! Vi fekk is og pizza, og reiste fornøgde heim, mette og go, og ikkje minst veldig glade for å ha kunne klemma på alle sammen.


Dina holdt Maria og synest det va veldig stas!

Even er litt større og har lært seg å gjere seg til på bilder :)

Fantastisk samtale mellom Maria og Marte!

Ut på tur med små unger - ingen problem hehe! Sover søtt!

Glede!

Litt overeksponert bilde, men poenget var at det heller ikkje e problem å reise på Dråpen restaurant, der Christian er dagleg leder, og få servert deilig lunsjmat/middag!

Sjefen sjølv,Christian, og Lukas

Astrid og Maria tett på :)

Alltid happi happi vesle Lukas!

Må bite på ettkvart når mamma er så treg med å lage middagsmat!

...og Maria hermer, må også ete på noke, og nettopp funne ut at hendene er gode å suge på!

Skulle gjerne ha vore mange fleire dagar i TRondheim, men jammen savna vi pappaen så fælt at vi måtte reise heimover igjen.


Verdens herlegaste pappa og kjærast! Vi e så glade i deg!

....Men det er ikkje lenge til bursdagen min i september, og då kjem Astrid og kanskje også Marte nedover ein tur. DET gleder vi oss veldig til!

Selbu

Maria og eg pakka alle sakane våre og reiste på jentetur til Selbu/Trondheim. Mest for å besøke familie og venna, men også for å fylle dagane med noko anna enn rein rutine! Det er jo no ein har mulegheita til å gjere slike spontane turar, så plutseleg for vi :)


Var sjølvsagt litt spent på så lang biltur aleine med Maria, sjølv om ho stort sett likar godt å køyre bil her heime. Har også prøvd biltur til Oslo, og det gjekk veldig fint, men då va pappaen også med, så vi hadde litt buffer! Vi kom oss heilt til Sel før vi måtte stoppe, sov stort sett heile tida. Stoppa på den lokale coop-butikken og kjøpte boller, banan og drikke, og sette meg i passasjersete og amma :) Va ein gammal mann i mazda som venta på at kjerringa skulle handle seg ferdig som stjålent kikka bort mot vår bil med jamne mellomrom, men elles gjekk puppinga særdeles fint.  Det høyre kanskje også med til historia, sånn sett i etterkant, at Maria truleg har spydd nedover ryggen min utan at eg ha merka det, for vi finne no spor etter gulp på setet i bilen haha! E en på tur så e en på tur :) Så fortsatt vi på ferden og etter litt sutring sovna pia nok ein gang i baksetet - og det holdt nesten heilt fram. Passerte Trondheim og GPS-en viste 25 min igjen til Selbu, så sette jentungen i eit hyl som gjekk gjennom marg, bein og karosseri! Va ikkje reint få forgjengarar som såg etter oss hehe! Så det va berre til å kapitulere og stoppe på Hell. Ny runde med pupp, tenkte det holdt med den eine, og køyrde vidare, sånn ca 300 meter...måtte stoppe på ny på ei utviding og gi siste puppen! Urutinert av meg synest Maria når ho stirra på meg med sine dådyrsauge og lurte på om eg ikkje hadde meir melk til ho :) Kom tilslutt fram og hadde faktisk ikkje brukt meir enn 8,5 time frå Stryn til Selbu!

I Selbu var alt bra, Linda og Ståle, og sjølvsagt alle oss hine, går og ventar på at ei lita jente skal kome til verda! Det har fortsatt ikkje skjedd noke, men er like rundt hjørnet. Har på eit mirakuløst vis ikkje klart å ta bilde av andre enn Maria og Gunnar i Selbu, så får ikkje vise fram den nydelege magen til Linda :(




Gunnar ! Va so nysgjerrige på Maria, og fekk inn fleire fulltreffarar med tunga - Maria berre smilte og lo! Haha!

Foreldra til Linda dreiv å bygde seg nytt hus rett ved gamlehuset, og LInda og Ståle ha begynt å pusse opp i huset som dei skal overta. Vart heilt forelska i eine veggen på kjøkkenet som dei fann under fleire lag med nyare vegginnslag!


Vakkert og rustikt - nydeleg med kvite glaskarmer til den gamle veggen!

Vi åt god mat, sat lenge ved matbordet og prata, puppa, bytte bleie og underholdte Maria, og gjekk tur med Linda! Vi hadde det så koseleg dei 2 dagane vi var der. Tusen takk for gjestfriheita til familien Eggen :)



Pc-en e kaputskii!

Ikkje berre ha jentene vore på biltur til Trondheim og Selbu ei lita veke, men når vi kom tilbake var pc-en havna i golvet og ville ikkje skru seg på igjen !! Sukk! Heldigvis ha vi sikkerheitskopi av alle bilder og  videoer, men mister jo alltids noke som ein ikkje hadde tenkt, så blogging ha det iallfall ikkje blitt så mykje av!

Gleder meg til å oppdatere dokke med bilder, Maria e blitt so stor! No ligg ho og søv i vogga si, mett og go i magen :)









Skal snart på styremøte på jobben, så pappaen skal hente si vetle tulle der på veg heim frå jobb idag!
Jammen godt å vere 2 !

Forberedelse til sommar!





Urtekassa er på plass :)



Bålpanna e et av dei bedre kjøpa vi ha gjort. Bli brukt både til grilling og peiskos!

Oppdatering!

Tida flyr!!!!!!!! Vi har det kjempefint for tida. I dag er Mathias blitt tenåring, og vi ha feira med familieselskap, kake, boller og brus! No koser han seg med besøk av Petter, så det går i bilspel for harde livet på gutterommet!

Maria veks og veks, og vi pakker vekk klede kvar veke som er blitt for små. Tenk no bruka ho str.62, og vi starta på 50 for 2 månader sidan. Ho har sove sine 2 første heile netter no, frå midnatt til 7 om morgonen, og vi voksne e sjølvsagt glade for å sove so lenge! Ho ha vore flink å legge seg i eiga seng dei siste 3 vekene, etter kveldsstellet, og siste matøkt, finne ho roen med smokk og nattasanger. So ligg ho og ser på uroen, smatter litt, grynter litt misfornøgd, og plutseleg sov ho!! :) 

Menne nok mas, her kjem nokre bilder av prinsessa!


1.smilet festa til kamera! Det gjekk lenge før vi klarte å knipse det, men smila har ho gjort lenge, deilige deilige smil!


Sovehjerte har vi fleire.... (legg merke til smokken) Haha!


Den som sover synder ikkje :) ROSAAAAAA!


Vår første sommerdag på verandaen! Snakk om å nyte tilværelsen, også litt dill dall for at mammaen skal få slikke litt sol kremt!

Første møte med seg sjøl - skremmande - men det kom et smil etter at fotografen forsvann :)





 

Cats



Buddy & Sid på post :)

Sinna!!!



Syns eg hadde en overvekt av søte bilder av Maria på bloggen min, så tenkte eg måtte syne verden at ho ikkje alltid er
like søt ! Vi er sjølvsagt like glad i ho uansett :) Det e en frøken med temperament og vilje !!
Les mer i arkivet » August 2010 » Juni 2010 » April 2010
hits